PARIS BABY

Yes! Då var eg og resten av klassen min på veg til Paris! Vi begynte turen fra Førde og tok turen til Gardermoen, og no til Paris. Det var ganske så godt å sove lenge for ein gangs skyld! Vi skulle uansett ikkje reise før klokka kvart på elleve frå Førde. Akkurat no sitt klassen min og eg på flyet på veg til Paris. Takk gud for internett på flyet!

20120213-180333.jpg
Helga og Ann Helen er vertfall klare for Paris! :D Eg gleder meg utroleg mykje eg også! Sjølv om eg var der i fjord sommer.

20120213-180436.jpg
Ikkje så mykje plass til å sitte på Gardermoen, så golvet er den beste plassen å sitte. Eller berre ikkje. Satt egentlig ikkje så lenge, for vi skulle spise sushi! Og det må eg sei, sushi er noko å anbefale. Vi fekk sushien servert på eit rulleband som gjekk frå kjøkkenet og ut til gjestane. Vi kunne berre ta dei rettane som såg gode ut og betalte etterpå. Genialt. Så om du ikkje har prøvd sushi før, så må du gjere det! NYTO anbefaler!

Eg måtte jo også slå i hel litt tid til å ta bilde på flyplassen, men så etter ca. 20 bilder kjem det ei dame bort til meg. Ho spør om eg jobber der. Eg berre ser dumt på ho.-Nei eg jobber ikkje her. Då såg ho litt sur ut og seie: -Nei, men då har du ikkje lov til å ta bilde her. Eg tenkte berre wow for ein attitude du hadde då! Såå. Egentlig var det ganske flaut å gå rundt med ein Canon 7D, og folk stirra som om blikk kunne drepe.

Uansett kva vær det er meldt, så skal eg ut å ta bilde til reisemagasinet eg skal lage. Eg skal blandt anna reise til Versailles, La defense, Louvre, Notre Dame, toppen frå eiffeltårnet, og eg skal ta kule bilete frå metroen og i trange sjarmerande gater :) Nesten som om eg burde gitt ut eit blad liksom.

No gleder eg meg til å lande. Gleder meg også til å ta bilder! :) Og ein ting til. Eg har tre seter for meg sjølv på flyet! Digger det.

Dette innlegget ble publisert i Livsstil, Mat, Reise, Skole og merket med , , , , , , . Bokmerk permalenken.
  • http://twitter.com/Mar10neeee Martine G

    Forbered deg på milelang kø opp til Eiffeltårnet! Vi gikk til topps i Triumfbuen istedenfor, null kø og en utrolig utsikt! Ellers så må du virkelig kose deg i Paris! 
    PS. Utrolig kule sko! Bildet fra Gardermoen far fint, uansett hva den furtne kjerringa måtte finne på å si, haha!